fredag 31. august 2012

Tankar kring huskjøp...

Eg (les: damo) vert så inspirert! Det er så mykje ein kan gjere. Det er mykje som må gjerast før ein kan tenke innredning, interiør, men eg er i det moduset, nu! Kva farge skal det vera i gangen, kva teppe kan vere i gangen, kva sort kommode... eg klør i fingrane etter å overta huset, gå inn og utforske huset, måle opp, finne ut kva som skal vera kvar, få ein oversikt.

No har eg så mange tankar om kva som skal vere kvar, men eg har jo verkeleg ikkje peiling på om kista passer akkurat der eg tenker den skal vere, og om rommet ser ut akkurat slik som eg hugser det. Difor har eg nok innreia mykje feil i hovudet mitt, og det vert nok mange nye innreiingar framover også.  
Rundt, nydeleg teppe frå Åhlens - dette ynskjer eg meg!

Idag er det 28 dagar igjen til overtaking. Eg skriv på ei liste... kva må me gjera, og kvar. Me må byrje i ein ende... men kva ende!?

Fyrst og fremst:
- vaske ut (eller vente litt med det??)
- kaste/få oversikt over kva me vil behalde av gamle ting (ja, for dei let mykje av det som fulgte med huset vere igjen, slik at me kan få valet om det skal kastes eller ei. Ting som stod igjen etter tante L og oldeforeldra mine... Det er kjekt! Mykje arbeid kan det bli, men kjekt:))

Hm... det er så mykje tankar om kva som må gjerast, men det er vanskeleg å sei før me kjem inn i huset. Me veit at me skal ta badet fyrst av ting som må gjerast reint byggteknisk. Mannen skal rive ned det han kan på badet, for slik å spare nokre kroner, håpar me. Det er eit lite bad, og me tenker at det går kjappare å bli ferdig med enn eit stort. Eg lev i trua på at me tenker rett! Om me får det ferdig, NÅR me får det ferdig, skal me bu i huset og så ta for oss rom for rom. Nokre rom treng me berre å måle i fyrste omgang. Det gjeld for det meste 2. etasje. I fyrste omgang... så får me sjå kor lenge fyrste omgang gjeld. Kanskje berre nokre månadar, før me ser meir som må gjerast. Det treng me iallefall ikkje lure på, me kjem til å ha nok prosjekt å forbarme oss over! Me får høyre at, "ja, no har dåke kjøpt dåke arbeid." Mitt svar til det: "Ja, det har me, og me gledar oss til det!" Me har kjøpt oss hus, og me har kjøpt eit hus der me ser for oss ei framtid. Det me gjer no, er å lage ein heim, og det er noko me ser fram til å gjere.

Me kjøpte dette huset, for her vil me bu, og her vil me lage ein heim. Så enkelt er det. Det er klart oppussing vil by på utfordringar, men det er nettopp det det er, utfordringar. Og utfordringar, dei er til for å løysast. Me er klare for alt! Eg tenker som så, at me er lukkeleg uvitande om arbeidet som fylgjer med eit gammalt hus. Det får me tidsnok erfare, men fokuset no er at me har kjøpt eit hus, og me gledar oss til å overta og lage heimen vår.

Kva er så ein heim? For underteikna er ein heim ein stad der ein finn ro. Eg ser fram til dagen der eg kjenner at huset er heimen min. Å kome heim etter jobb og vera lukkeleg for at eg er heime. Min heim. Vår heim. Å kjenne på den kjensla at her skal me bu. Me veit ikkje kvar me havnar og kvar me ender opp i livet, og godt er det, men nett no, her og no, er det Lillatun som skal vera heimen vår. Eg gledar meg til å ta fatt på dette prosjektet!

Slike frukostar skal me ha mange av... det ser iallefall veldig innbydande ut! Nam...

Dette blei vêl tankefullt, men eg har mange tankar kring det å kjøpe hus, og det å flytte tilbake til der eg kjem frå. Kjenslene kring det går opp og ned. Nokre dagar kjenner eg på at "hjelp, kva har me gjort", medan andre dagar kjenner eg på at det er heilt rett.

Eg skriv mykje og tenker mykje, og eg kjenner mest på tanken om at dette er eit rett val. Her og no er dette det rette valet. Det er ei god kjensle. Eg trur eg avsluttar med det:)


mandag 6. august 2012

Hagen




Inngangspartiet

Nede ved skuret nede i hagen, - rabarbra!
Ein liten krypkjellar.
Plenkipparen sin framtidige bustad, kanskje?
sjekk ut http://www.ordne.no/2008/06/krypkjeller-ta-et-tak/

Ein fin, rosa blome! Mange rosebuskar.
Del av buskaset nedanfor huset, nedanfor stovevindauga. 

Hagen var opprinneleg flott og strigla, og me har blitt fortalt at oldeforeldra jobba mykje i hagen. Det var lite tid for kaffikos og ei stille stund, og det er kanskje difor hagen alltid var like flott. Folk som har fått med seg at me har kjøpt hus, har alle kommentert kor flott hage som var der. Dei lurar på om den er like fin ennå... Oldemor var nøye på korleis ho ville ha det, og ho hadde ein av dei finaste hagane på øya har me blitt fortalt. Hagen var full av bærbuskar, og den var inndelt i gangar laga av stein og grus.
Her har me jobb framfor oss. Inni her er det mange, fine rosesortar!
Dei vert fine til våren..

Her ser me tydeleg at det er lagt steinar for å skape stiar...
dei vil me få fram att!
Me blei fortalt at det var eit lysthus i hagen, noko eg lurar på om kan vere eit lysthus av roser. Det er det nokre andre som har fortalt, korleis dei hadde sett opp stenger og netting som rosene klatra på og laga eit 'hus' av det. Om vinteren stod det litt tomt i hagen, men om sommaren var det flott med klatrande roser. Stengene står støypt i hagen ennå, og det vert spennande å sjå om me prøver oss på det same. Ved stengene står det også eit steinbord, og der skal me ha mykje hagekos! 

Steinbord = KJEKT!
Her skal me ete mykje godt.
Me treng berre rydde pittelitt buskar vekk fyrst...
Pappa er hageinteressert, og han har spurt fint om han kan få boltre seg i hagen.... ha ha, ja, værsågod! Me treng den hjelpa me kan få, då det er ganske så overgrodd. Dei me har kjøpt huset fortalte at dei har hatt nok å gjere inne, og det er det jo med eit gammalt hus. Me håpar å få hagen i stand igjen, og med oss har me gode hjelparar. No blir det huset innvendig som skal jobbast med, men me ser fram til å lage ein plan for hagen iløpet av vinteren. 
Hagen sett frå oppsida/venstre sida av huset.
Klesstativet skal nok vekk, men erstattas av eit nytt eit. 


Me ynskjer å ha mange urter i hagen, poteter, gulrot, lauk, reddik... hagearbeid er hageterapi. Ikkje minst er det ein fin tanke å dyrke sjølv. Mykje spennande! 

Eit kjekt uthus i enden av hagen
Nederst i hagen ein plass.
Det er mange artar i hagen, og mykje av dei!


Ved uthuset, mykje buskas!

Ved inngangspartiet - ein flott bregne

Litt av eldste uthuset, på framsida ved inngangspartiet

Fine furuar 

Litt å gjere her, ja. Her i solveggen kan kanskje urtene trivast!

Stor, flott kristorn - den vil me behalde!

På veg ned mot hagen, høgre side av huset.
Her trengs det å ryddast, slik at stien kjem fram att. 

Her ser du ein liten del av porten.
Den ynskjer me å få i stand, slik at den kan lukkast.
Fin hengebusk (kva heiter den??) som diverre er giftig..
me får sjå kva me gjer med det


FinFin blome

 Hagen får stå som den er foreløpig, men me vil ta ei opprensking iløpet av hausten, er planen iallefall.
Bål i hagen, frisk haustlukt, nista ute ved steinbordet. Ja, det blir bra:)

Bileter frå annonsa

Utsikt frå balkongen oppe - sørvest


Nyaste kjøkenet


Nyaste kjøkenet

Grovkjøkenet

Grovkjøkenet


Eine stova - "besta"stova?

Andre stova - kvardagsstova vår?

Andre stova

Uthus nederst i hagen

Eldste uthuset og inngangspartiet
                                      Her skal me sitje mykje ute å ta kaffipausar i oppussinga:) 

søndag 5. august 2012

Byrjinga

Etter å ha kikka på fleire hus i heimkommunen, og utan å ha funne det 'rette' huset, såg me plutseleg ei annonse. Og, kjekkaste av alt, huset var huset til oldeforeldra til underteikna, og huset der grandtanta mi budde. Me var på visning, og me fekk begge ei godkjensle som er vanskeleg å forklare. For å gjere ei lang historie kort, så vart Lillatun kjøpt under ei reise til varmare strøk. Det vart ei fin veke på solsenga der me planla korleis me ville at huset skulle sjå ut. Veka etter møtte me opp hos meklar og signerte kontrakten. Då vart det med ein gong meir verkeleg.

Me har skrive ned tankar etter kvart, og me har laga til ein perm der me set inn teikningar og tankar som vert til undervegs. Her er nokre av dei fyrste tankane som kom: 
  • Bestille container til oktober
  • Kontakte PS ang tak og ytterkledning – planløysing
  • Kontakte røyrleggjar – røyr i kjellar, samle dei
  • kontakte OH ang grunnmur og graving i kjellar, grave ut, blir større kjellar
  • Hage: pappa - ev finne ut korleis den såg ut – spør Inga
  • Slå saman bruksnummera
  • Kontakte SS – hjelpe oss å utnytte potensialet i huset, ev planløysing.
  • Rive opp golvbelegg – kva skjuler seg? Pusse ev golv, eller legge nytt golv
  • Skifte muren bak vedomn
  • Lasere tømmerveggar? Ev beise (for å behalde struktur)
  • Me ynskjer å bevare mykje av det opprinnelege, korleis kan me best få til det?
  • Rive vekk golvbelegg trapp, ev isolere? Skjuler det seg tre der? Ev måle i grå eller kvit
  • Skifte kledning bad

Innkjøp i haust:

  • Vaskemaskin
  • Tørketrommel
  • Oppvaskmaskin
  • kjøleskap
  • frys

Bad: kva vil me ha?

Dusj – lyst – vegghengt (lettare å reingjere og for meir luft)

Glasbyggarstein ei rad el liknande for å få meir lys inn? Ved sida av døra? 

Stort speil for god romfølelse

Liten vask

utnytt høgda – hyller i høgda

god belysning

ventilasjon, ventil



Vedomn: kva bakgrunn vil me ha?



Grovkjøken: peis? Opne opp mot kjøken?

Kosestova: lage sofa? Ev sjeselong? Rammemadrass med sydd trekk som daybed med puter? Sjeselong med stolar – avslappa stemning?



Glasgong: blomar trives godt der, ein fin, grøn plante? Lyset, triveleg, praktisk





Me har oppretta denne bloggen for å dokumentere oppussingsprosessen. Me ynskjer å oppdatere jamnleg, for slik å lettare fylgje planen. Det vil også krevje at me skriv ned etter kvart, noko som er godt å ha med seinare. Me sjåast!

LO, eg skriv til ein imaginer person:) det er nettså litt lettare.