Badet er lite.
I byrjinga på huset si levetid var det utedo, så badet inne har kome til i etterkant. Me tenker som så at dei då fann ein ledig plass der dei kunne stue inn eit bad. Slik kan det iallefall sjå ut. Me tenker å pusse opp badet og behalde det som eit ekstra toalett. Tanken vår, ja, er å byggje større bad på sikt. Med badekar... me må ha badekar. Må og må, men det er ein luksus me ynskjer å ha i huset me ser for oss å bu i.
Huset er på 103 kvm. Det er ikkje alle som hadde budd slik med fem born og to vaksne no i desse dagar (vesentleg forskjell frå by til land også!), me har blitt ganske så bortskjemde. Eg likar tanken på å bu litt slik som dei gjorde tidlegare. Med det meiner eg ikkje at me skal gå tilbake til alt gammalt, men me har ikkje vondt av å kjenne på korleis det er å ikkje ha "alt" nytt og fint og flott. Ikkje minst så er det ikkje dumt å ta ting litt etter litt, ikkje nødvendigvis haste avgårde og ty til fyrste og beste løysing til huset. Me ynskjer å tenke oss om, og gjere kva me sjølv ynskjer å gjere, uavhengig av trender og det som måtte vera mest "in" nett no. Er det noko som verkar avskrekkande i høve til kjøp, så er det det. "Alle" har det! Javel, då skal eg iallefall ikkje ha det. Misforstå meg rett, eg ynskjer berre å lage ein heim som er personleg, ein heim som seier noko om oss.
Kva er det me er opptekne av? Kva er det som speglar oss og våre personlegdomar? Gjenbruk? Ja. Tradisjon? Ja. Nytt og gammalt om ein anna. Ting med sjel. Sprite opp innimellom med frisk pust frå 2012. Det er eit hus frå 1922, og me ynskjer å ta vare på det. Samstundes har me overteke dette huset i 2012, så det vil det bære preg av.
Så, tilbake til det dette innlegget eigentleg handla om, bad! (eg blir berre så engasjert, og må verkeleg ta meg sjølv i ikkje å skrive meir om ovannemnde emne!)
På badet er me usikker på nøyaktige mål, men det er akkurat plass til do, vask og dusjoppheng (heiter det det??). Me kan ha dusj utan dusjkabinett, men med dusjforheng. Det er ikkje vindauga på badet, og me lurar på korleis det ser ut bak veggane. Har me ein lett rivingsjobb framfor oss, eller finn me fuktskader bak veggen? Om ein månad frå no, veit me! Før den tid tenker me på kva me vil ha på badet. Me tenker lite og praktisk.
Lyst. Friskt. Lett å reingjere.
Me er ikkje sånn superbegeistra for fliser på bad, og me tenker difor at på dette "vetla" badet kan me gjerne ha vinyl. Ja, du leste rett, vinyl. Det er mykje stilig i vinyl no, og det er eit materiale som er greitt å bruke, og lett å reinhalde. Dette badet ynskjer me å få i stand kjapt og greitt!
 |
Her er eit gøy fargeval! Sjekk linken for fleire fargar
http://www.tarkett-floors.com/floors/site/no-no/topic/wetroom/article/24424/article.asp
Her er noko av det me har tenkt. Lyst og lett. Enkelt. IKEA alt saman .
(utanom vinylen då...)
Eg vert så glad av å sjå på den turkise fargen!! Tenk å sjå den kvar morgon, det er fint å vakne til! Me har ein del turkis, så sånn sett vil fargen gå igjen i heile huset. Herleg energigivande!
Kva seier du, mannen?:)
|