tirsdag 25. september 2012

Det nærmar seg...

.. no nærmar det seg voldsomt til overtaking av hus. Medan me ventar køyrer me i sniglefart forbihuset, tek spaserturane sånn passe tilfeldig forbi huset, går innom i hagen når noverande huseigarane køyrer flyttelass... me er klare!!!
Kun dagar att, heldigvis. 

Fuglane på biletet skal vekk, og innanfor veggen der høyrer badet til. L tenker at me bør setje inn eit vindauga på badet når me fyrst er igang, så det er mogleg me gjer. Det vert då ikkje så stort som dei andre vanlege vindauga, men eit mindre, liknande dei to små vindauga på kjøkenet (som førebels ikkje fins bileter av). Det vil harmonere betre. 

Me gjekk i hagen i strålande solskin, og me vart inspirerte kan ein trygt sei.


Me såg også at me har to ulike typar epler i hagen. Eitt lite tre med raude epler (gode var dei!), og eitt stort tre pepra med epler. Det har me blitt forklart at er vinterepler, som kan lagras. Me er ikkje eplegnagarar, men epler er godt i så mykje meir enn berre å eta dei som dei er! I salatar, gryter, eplekake, smuldrepai, ovnsbakte... Herleg!


No skal me skrive epost til ei som kanskje kan hjelpe oss med planleggjing av påbygg, og ellers korleis me kan utnytte huset sitt potensiale best mogleg. Spennande tider!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar