søndag 2. september 2012

Hausthagen

Med besøk og nydeleg solskin akkurat denne dagen, måtte me berre opp og kikke i hagen. Her er nokre bileter av hagen igjen, slik den ser ut i starten av september månad. Me gledar oss! Generelt sett til alt. Men, me gledar oss!
(Fin familie har sneke seg med på bileta, det er berre kjekt:)) 

Huset sett frå hagen.
Me ser for oss å bygge ut på høgre side i biletet.
På midten av huset vil me bygge ein ark, med glasvindauger og dører ut i hagen.
Oppe, ein balkong eller lite rom. 
Frå hagen - her skal det ryddast

Venstre side av huset, mot vegen

Her går det ein smal sti, den skal få kome fram igjen

Her skal det ryddast, slik at me kan plukke bringebær langs stien:)

Fin plen, fin og kjekk jente og stort epletre i bakgrunnen

Huset er spesielt fint frå denne vinkelen (syns iallefall underteikna!)
I 2.etg soveromsvindauge 1.etg kjøkenvindauga

Klesstativstengene skal vekk, då dei er ganske så rustne. Nytt må opp! Herleg med friske klede.
Rydding her også...

Ho ho! Spennande, spennande....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar