torsdag 6. september 2012

Gangane

Det fins to gangar i huset. Ein liten inn til grovkjøkenet, og ein større inn frå "reiarinngangen". Det var fin-inngangen, der fintbesøk gjekk inn. 

Den minste gangen tenker me at vil bli brukt av oss, som ein kvardagsinngang. Ein fin plass for støvlar, regnklede og slik. Den er per dags dato mørk tre, så den skal få seg eit strøk med lys måling. 

Fine Huntington-støvler. Kanskje dei får bu i gangen? 


Den største gangen vil bli hovudgangen, tenker me. Me trur gangen er kome til i etterkant av sjølve husbygginga, og den består mykje av glas. Det ser ikkje ut til at glasa har blitt byta nokon gong, så me ser for oss at dei må skiftast. Me vil behalde dei, då det gir huset eit lyst og luftig preg. Ved å skifte vindauga vil det vere med på å isolere huset også. Meir enn det har gjort tidlegare, iallefall... 



Her ser ein litt av vindauga.
Bortover veggen mot døra tenker me å utnytte plassen godt, t.d. skoskap og spegel.

Rett innanfor døra, til venstre side når ein kjem inn, finn ein badet som skal renoverast. 
I gangen har me sett for oss lyse fargar, som i ellers av huset... Ein fin sval blåfarge kanskje. Ein kommode. Ei korg med tjukkesokkar i.
Kan denne vere grei? Norden benk frå IKEA
Eller eit friskt pust som dette frå Åhlens? Matchar badegulvet då, he he...



Kanskje ei slik slitesterk matte, også Åhlens?


 Me får sjå kva det vert til. Me
har mange val framføre oss, og me tenker at det er lurt å ha tenkt LITT på førehand. Kanskje, kanskje vert prosessen pittepittelitt enklare då. Det er lov å håpe!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar