Eg (les: damo) vert så inspirert! Det er så mykje ein kan gjere. Det er mykje som må gjerast før ein kan tenke innredning, interiør, men eg er i det moduset, nu! Kva farge skal det vera i gangen, kva teppe kan vere i gangen, kva sort kommode... eg klør i fingrane etter å overta huset, gå inn og utforske huset, måle opp, finne ut kva som skal vera kvar, få ein oversikt.
No har eg så mange tankar om kva som skal vere kvar, men eg har jo verkeleg ikkje peiling på om kista passer akkurat der eg tenker den skal vere, og om rommet ser ut akkurat slik som eg hugser det. Difor har eg nok innreia mykje feil i hovudet mitt, og det vert nok mange nye innreiingar framover også.
 |
| Rundt, nydeleg teppe frå Åhlens - dette ynskjer eg meg! |
Idag er det 28 dagar igjen til overtaking. Eg skriv på ei liste... kva må me gjera, og kvar. Me må byrje i ein ende... men kva ende!?
Fyrst og fremst:
- vaske ut (eller vente litt med det??)
- kaste/få oversikt over kva me vil behalde av gamle ting (ja, for dei let mykje av det som fulgte med huset vere igjen, slik at me kan få valet om det skal kastes eller ei. Ting som stod igjen etter tante L og oldeforeldra mine... Det er kjekt! Mykje arbeid kan det bli, men kjekt:))
Hm... det er så mykje tankar om kva som må gjerast, men det er vanskeleg å sei før me kjem inn i huset. Me veit at me skal ta badet fyrst av ting som må gjerast reint byggteknisk. Mannen skal rive ned det han kan på badet, for slik å spare nokre kroner, håpar me. Det er eit lite bad, og me tenker at det går kjappare å bli ferdig med enn eit stort. Eg lev i trua på at me tenker rett! Om me får det ferdig, NÅR me får det ferdig, skal me bu i huset og så ta for oss rom for rom. Nokre rom treng me berre å måle i fyrste omgang. Det gjeld for det meste 2. etasje. I fyrste omgang... så får me sjå kor lenge fyrste omgang gjeld. Kanskje berre nokre månadar, før me ser meir som må gjerast. Det treng me iallefall ikkje lure på, me kjem til å ha nok prosjekt å forbarme oss over! Me får høyre at, "ja, no har dåke kjøpt dåke arbeid." Mitt svar til det: "Ja, det har me, og me gledar oss til det!" Me har kjøpt oss hus, og me har kjøpt eit hus der me ser for oss ei framtid. Det me gjer no, er å lage ein heim, og det er noko me ser fram til å gjere.
Me kjøpte dette huset, for her vil me bu, og her vil me lage ein heim. Så enkelt er det. Det er klart oppussing vil by på utfordringar, men det er nettopp det det er, utfordringar. Og utfordringar, dei er til for å løysast. Me er klare for alt! Eg tenker som så, at me er lukkeleg uvitande om arbeidet som fylgjer med eit gammalt hus. Det får me tidsnok erfare, men fokuset no er at me har kjøpt eit hus, og me gledar oss til å overta og lage heimen vår.
Kva er så ein heim? For underteikna er ein heim ein stad der ein finn ro. Eg ser fram til dagen der eg kjenner at huset er heimen min. Å kome heim etter jobb og vera lukkeleg for at eg er heime. Min heim. Vår heim. Å kjenne på den kjensla at her skal me bu. Me veit ikkje kvar me havnar og kvar me ender opp i livet, og godt er det, men nett no, her og no, er det Lillatun som skal vera heimen vår. Eg gledar meg til å ta fatt på dette prosjektet!
 |
| Slike frukostar skal me ha mange av... det ser iallefall veldig innbydande ut! Nam... |
Dette blei vêl tankefullt, men eg har mange tankar kring det å kjøpe hus, og det å flytte tilbake til der eg kjem frå. Kjenslene kring det går opp og ned. Nokre dagar kjenner eg på at "hjelp, kva har me gjort", medan andre dagar kjenner eg på at det er heilt rett.
Eg skriv mykje og tenker mykje, og eg kjenner mest på tanken om at dette er eit rett val. Her og no er dette det rette valet. Det er ei god kjensle. Eg trur eg avsluttar med det:)