fredag 2. november 2012

Tolmod

Eg veit ikkje kvar å byrje dette innlegget.

No har det vore stopp ei stund, då det er usikkert kva me gjer framover. Det har då vore vanskeleg å planleggje for mykje, og det har blitt lagt litt på sida.
Me har hatt ein byggmester innom, han har kome med si vurdering, og me venter på ein anna mann som skal vurdere kva restaureringskostnadane vil bli sånn ca. Ein prosess som krevjer tolmod... noko underteikna ikkje har særskilt mykje av nett no. Likevel, det er ikkje anna å gjere enn å vente. Me vil ikkje planleggje for mykje før me veit kva utgangspunktet er.
Det kjem heller ikkje som ei overrasking at det er mykje som må gjerast. Når ein kjøper eit 90 år gammalt hus, reknar ein ikkje med å ha kjøpt eit hus i tipp-topp stand. Me veit at huset vert bra til slutt, det er den eine tingen me er heilt sikre på. Med den tankegangen kjem me bra gjennom denne ventetida :)

Me ser kva som skjer!
I mellomtida legg me ut litt ymse bileter frå huset. 

stova

 bestastova - med arvemøblar

kottet oppe med ulike variantar av tapet

kottet i sin heilskap

tapet bak tapeten - inne på "lugaren"

"lugaren" - tenk at her har farfar sove som liten!

gangen oppe

utsikt mot nordvest - ope og herleg!

utsikt frå veranda oppe

meir tapet - dette i eit innebygd skap

meir tapet - side om side

til slutt eit bilete av solnedgangen som går ned.
Fint.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar