torsdag 4. oktober 2012

Soverom

Soveromma oppe er nokolunde klare.
Me skal gjere litt, men det trengs ikkje altfor mykje. 

I rommet nedanfor tenker me gjesterom/hobbyrom. Langs vindauga ein lang pult med plass til diverse hobbyting og anna aktuelt. Tapeten på veggen er original frå 50-talet eller deromkring. Den er i fin stand, og eit sjarmerande minne frå dei tider, så me tenker å behalde den. Etter tips idag, tenker me på å måle veggane lysegrå, kanskje også golvet.


Frå gjesterommet er det opning inn til "lugaren", der er det to barnesenger festa til veggen. Ein koseleg krok! Me kjente på tapeteten, då den bula ut og ikkje var så godt i stand. Me vart nyfikne og kikka under i spenning. Det var to lag med tapet, ein mørkare under, og ein lys oppå. Det var ei merkbar endring i fargeval. Under tapetane fann me også fin panel!
Lukke! 
Me tenker å måle veggane lys grå, slik som i gjesterommet. Det kan bli ein fin krok for skjønne små overnattingsgjestar.


Soverommet her er det me tenker å ha som hovudsoverom. Ein deilig blåfarge på veggen, med vindauga vendt vestover. Bakkar, store tre og sjø i bakgrunnen. Eit godt rom! 




På begge romma, eigentleg alt oppe som er golvbelegg, tenker me å rive opp og leite fram tregolvet. 
Det fins eit kott oppe, rundt same størrelse som "lugaren", og der er det ennå meir tapet. Det har tidlegare vore brukt til kleskott, noko me moglegens også vil bruke det til. Eventuelt som eit lite gjesterom. 

Me er igang!

Spennande!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar